Fest i Vest

Marknad på Fest i vest


Marknadsområdet blir også i år frå Skjepavikjo langs vegen mot Sagvåg kai og i området rundt kaien.Utstillarar må ha med seg alt utstyr sjølve, salgsbil/ partytelt - bord, stolar, hyller og skøyteledning til straum osv.
Marknadsområde vil vera open:
Fredag 28.juni: Opprigging for dei som ynskjer det (NB! Alle må vera klare til lørdag kl. 10. Etter
det blir det stengt for bilar på området)
Lørdag 29.juni: Kl. 10-17


Prisar:
Liten bodplass ca. 1x2,5m: 250,- pr stk.
Bodplass ca. 3x3m: 500,- pr. stk. (Dersom ein treng meir enn 3 m. må ein kjøpa ekstra meter)

Ekstra meter: 100,- pr. m.
Store matvogner - heile helga: kr. 1000,-
Tillegg for straum: 100,-(Ta med skøyteledning)
NB! Alle som treng straum må fylla ut kva dei treng og evt. kva dei treng det til ved påmelding.
Viss ikkje, kan me ikkje garantera at me kan levera straum.


Fest i Vest ynskjer breidde og kvalitet i vareutvalet, og prøvar å begrensa utstillarar med same
vareslag, og har rett til å sortera. Vær nøye med å opplyse om vareutval ved søknad om plass. Sal av
mat og drikke som konkurrerer med Fest i Vest sine mattelt er ikkje lov.
Ulike boder med lokalmat- oster – saft og sider og liknande er velkommen på marknaden.


For søknad om plass: 

Kontakt via e-post: ingeborg.strand@sklbb.no 

Når ho har godkjent deg som utstillar, får du tilsendt ein link der du registrer deg og betaler for
plassen.


Praktisk informasjon:
1. Marknadsområdet: langs vegen mellom Skjepavikjo og Sagvåg havn.
2. Det vil bli dag og nattvakter under festivalen, men du er sjølv ansvarleg for det du har i boden din.
Også for å sikre det ved vind og regn. Fest i Vest har ikkje ansvar for bod og innhald.
3. Du blir ikkje registrert før registreringsskjema er fyllt ut og plassen er betalt.
4. Påmeldinga er bindande og leiga for plassen vert ikkje refundert. Evt. framleige skal godkjennast av Fest i Vest komiteen.
5. Viss du treng straum så merk det av i registreringsskjema og skriv kva du skal ha straum til og kor
mykje straum du treng.(ta med skøyteledning)
6. Meld frå om ca. ankomsttidspunkt på registreringsskjema.
7. Det er reservert parkering for dei som har boder på parkeingsplassen øverst i Sagvågsbrekko,
nedside av vegen/venstre side.
8. Ved ankomst: meld deg til Ingeborg Strand og du vil få tildelt plass.
9. Du må sjølv ta med bord, evt. telt og det du treng.
10. Fest i Vest skal godkjenna fordelinga av bodplasser.
11. Kun produkt som er registrert i reg. skjema kan seljast. Den kan ikkje seljast produkt som
konkurrerer med Fest i Vest sine matutsal som f.eks.: sveler/vaflar/hamburger/pølser/is/brus etc
12. For utstillarar som sel matvarer må salsinnretningar og vareutval vera godkjend av mattilsynet i
bustadkommunen. Godkjenningsbevis skal takast med og visast ved eventuell inspeksjon.
13. Rigging må vera gjort før opningtida og nedrigging etter stengetid. Dette for å unngå bilkøyring
inne på marknadsområdet (pga sikkerhet)
14. Avfall må takast med, evt kastas i tilviste kontainere.
15. Alle er ansvarlege for å unngå brannfarlege situasjonar og pliktar å retta seg etter brannvakter og andre vakter sine pålegg.
Velkommen til Fest i Vest - Sagvåg i vinden