I am K

Kristiansandsbaserte I am K er blitt spådd ei lysande framtid både av internasjonale og norske medium og i følgje NRK P3 er dei eit av Noregs mest lovande band. Prestisjetunge Clash Magazine meiner dei vil ha ein “Europe wide hit record” i løpet av dei neste åra. Hard, kontant rock, melodisk pop og røff elektronika i ein eklektisk blanding – I am K er lyden av eit band i 2018.

I am K representerer eit moderne og smart tilnærming til musikkfaget. Melodisk pop, sylskarp elektronika og treffsikker rock sys elegant sammen. Ryddig kompleksitet, kvalitet i alle ledd og ingen sjangerbegrensing.

Bandet vant i slutten av februar 100 dagar på Arena og etterlet seg eit måpande publikum. Ingen tvil, I am K er i ferd med å klatre kjapt opp som eit av landets mest interessante band.