Marknadsboder

Marknad på FEST I VEST 28-29. juni 2019

Marknadsområdet blir også i år frå Skjepavikjo langs vegen mot Sagvåg kai.
Utstillarar må ha med seg alt utstyr sjølve, salgsbil/ partytelt – bord, stolar, hyller og skøyteledning til
straum osv.

Marknadsområde vil vera open:

Fredag 28.juni: opprigging for dei som ynskjer det. NB! Alle må vera klare til lørdag kl. 10. Etter det blir det stengt for bilar på området)

Lørdag 29.juni: kl. 10-18

Søndag 30.juni: frivillig (Det blir ingen arrangement utanom gudstjeneste i amfiet)

Prisar:

Liten (ca. 4x4m): 300,- pr. stk.
Stor (ca. 4x6m): 500,- pr. stk.
Store matvogner – heile helga: kr. 1500,-

Tillegg for straum: 100,- (Ta med skøyteledning)

NB! Alle som treng straum må fylla ut kva dei treng og evt. kva dei treng det til ved påmelding.
Viss ikkje, kan me ikkje garantera at me kan levera straum.

Fest i Vest ynskjer breidde og kvalitet i vareutvalet, og prøvar å begrensa utstillarar med same vareslag, og har rett til å sortera. Vær nøye med å opplyse om vareutval ved søknad om plass. Mat og drikke som kan nytast på plassen har Fest i Vest salet på. Ulike bode med gardmat- oster – saft og sider og liknande er velkommen på marknaden.

Kontakt via epost: ingeborg.strand@sklbb.no  for søknad om plass.

Når ho har godkjent deg som utstillar, får du tilsendt ein link der du registrer deg og betaler for plassen.

Praktisk informasjon:

  1. Marknadsområdet: langs vegen mellom Skjepavikjo og Sagvåg havn.
  2. Det vil bli dag og nattvakter under festivalen, men du er sjølv ansvarleg for det du har i boden din. Også for å sikre det ved vind og regn. Fest i Vest har ikkje ansvar for bod og innhald.
  3. Du blir ikkje registrert før, registreringsskjema er fyllt ut og plassen er betalt.
  4. Påmeldinga er bindande og leiga for plassen vert ikkje refundert. Evt. framleige skal godkjennast av Fest i Vest komiteen.
  5. Viss du treng straum så merk det av i registreringsskjema.(ta med skøyteledning)
  6. Meld frå om ca. ankomsttidspunkt på registreringsskjema.
  7. Det er reservert parkering for dei som har boder på parkeingsplassen øverst i Sagvågsbrekko, nedside av vegen/venstre side.
  8. Ved ankomst: meld deg til Ingeborg Strand og du vil få tildelt plass.
  9. Du må sjølv ta med bord, evt. telt og det du treng.
  10. Fest i Vest skal godkjenna fordelinga av bodplasser.
  11. Kun produkt som er registrert i reg. skjema kan seljast. Den kan ikkje seljast produkt som konkurrerer med Fest i Vest sine matutsal som f.eks.: sveler/vaflar/hamburger/pølser/is/brus etc
  12. For utstillarar som sel matvarer må salsinnretningar og vareutval vera godkjend av mattilsynet i bustadkommunen. Godkjenningsbevis skal takast med og visast ved eventuell inspeksjon.
  13. Rigging må vera gjort før opningtida og nedrigging etter stengetid. Dette for å unngå bilkøyring inne på marknaden (sikkerhet)
  14. Avfall må takast med evt kastas i tilviste kontainere.
  15. Alle er ansvarlege for å unngå brannfarlege situasjonar og pliktar å retta seg etter brannvakter og andre vakter sine pålegg.

Velkommen til Fest i Vest – Sagvåg i vinden