Info om Fest i Vest

Fest i Vest vart arrangert første gong i 2016

Bak festivalen Fest i Vest står ”Stiftelsen Fest i Vest”

Stiftinga sitt føremål er: gjennom folkelege festarrangement i  Sagvågsbygda å styrkja samhandling, identitet og tilhøyrsle, samt å  styrkja bygda sine ideelle friviljuge lag og organisasjonar økonomisk,  gjennom å betale for utførte tenester i samanheng med slike  arrangement.

Stiftinga har eit styre der Lars Åge Myhre er leiar. Styret har sett ei styringsgruppe som jobbar med å arrangerer festivalen …..

Namn
Rolle
Lars Åge Myhre Styreleiar
Anne Grethe Vassnes Styremedlem
Kurt Grunvold Styremedlem
Stein Braathen Styremedlem
Terje Lamo Styremedlem
Ingvil B. Almås Styremedlem

Aldersgrense:

Fest i Vest er open for alle over 18 år. Legitimasjon med bilde vil bli kravd i tvilstilfelle.

Billettprisar:

Me prøver å halda eit nøkternt prisnivå slik at flest mogeleg skal ha anledning til å vera med.

  • Billett for begge dagar: kr. 835,-
  • Billett for ein dag: kr. 530,-
  • Bongar til baren: kr. 85,- (baren tar ikkje kontantar)

Opningstider:

Marknadsområde :

  • Laurdag: kl. 10-18
  • Søndag: kl. 12-16
  • Søndag: Gudstjeneste kl.11

Konsertområde:

  • Fredag: kl. 19.00-01.00
  • Laurdag: kl. 19.00-01.00

Alkoholsalet stenger 30 min før konsertslutt.

Rus/narkotika

Me har nulltoleranse for alle ulovlege rusmiddel. Brot på dette vil føra til utestenging frå Fest i  Vest. Overstadig rusa personar vil bli avvist ved inngangen.

Dette er det ikkje lov å ta med inn på konsertane:

  • Flasker, lerker etc.
  • Mat og drikke
  • Dyr
  • Paraplyar
  • Campingutstyr
  • Brannfarlege væsker og gjenstandar

Vaktene kan nekte publikum å ta med inn gjenstandar som dei vurderer som farlege inn på område.

Personar med nedsett funksjonsevne er hjarteleg velkomne. Fylgje med gyldig fylgjekort kjem inn gratis.

Legitimasjon:

Ved tvil vil personalet i baren be om legitimasjon og då er det kun legitimasjon med bilde som er godkjent. Falsk legitimasjon vil bli meldt til politiet.

Sanitet/førstehjelp:

Det blir egne personar med helsefagutdanning som går vakter på området under heile Fest i Vest.

Vakthald:

Det vil vera profesjonelle vakter på konsertane. Elles går det vakter rundt på festivalområde under heile festivalen.

Overnatting:

Det vert i år bubil og campingvognplass ved gamle ferjekaien i Sagvåg under Fest i vest.
Pris kr. 200,- pr. natt inkl. straum.
Bestill plass her:
https://www.superinvite.no/#/invitation/177db6acfe388526a4c7bff88e1feb15

  • Reglar på bubilplassen:
  • Straum er tilgjengelig
  • Rydd opp etter deg
  • Bruk utlevert bossekkar, blank sekk til tomplasker/boksar
  • Alle er ansvarlege for å unngå brannfarlege situasjonar
  • Det er forbud mot åpen eld og levande lys
  • Ta hensyn til naboane
  • Vakter vil gå rundar på natta
  • Vatn på YX-stasjonen i nærleiken
  • Tømmestasjon for bubilar finn ein på HeianeKjem du med båt er det båthamn ved Sagvåg kai.

    Sjå: https://velihavn.no/gjestehavner/sagvag-gjestehavn

    Elles kan me foreslå overnatting på Leirvik ca. 6km frå Sagvåg:

    Sponavik Camping:  www.sponavik.no

    Stord Hotell: www.stord.hotel.no

    Almås Hotell: http://www.almaas-hotell.no/

    Grand Hotell: www.grand-hotell.com/no

Her finn du Fest i Vest

I Sagvåg, Sunnhordlands neststørste tettstad som ligg på vestsida av Stord. Sagvåg har ei lun båthamn og riksveg 545 går igjennom bygda. I tillegg ligg Stord Lufthamn berre 5,2 km nord for Sagvåg sentrum.