Verjekontrakt

Verjekontrakt 2018

På Fest i Vest er det 18 år aldersgrense, men det er mogeleg for mindreårige mellom 15 og 17 år til å få tilgong til fredagsarrangementet i fylgje med verje.

  • Verje skal vera fylt 25 år og vera edru under arrangementet.
  • Verje må legitimera seg og fylla ut ein verjekontrakt på førehand som skal leverast og registrerast ved inngangen.
  • Ein verje kan vera verje for maks 2 mindreårige.
  • Verje skal ha mobiltelefon med vibreringsfunksjon på under heile arrangementet.
  • Verje og/eller mindreårige som kjem rusa til Fest i Vest vil verta avvist.
  • Verje er ansvarleg for dei mindreårige så lenge dei er på Fest i Vest.
  • Verje skal vera saman med og ha oppsyn med dei mindreårige heile tida.
  • Verje og mindreårige får eigen farge på billettarmbandet som gjer at dei ikkje får kjøpt eller kan nyta alkohol.
  • Brot på reglane medfører bortvisning for verje og den mindreårige.
  • Utan verjer er ungdomsbilletten ugyldig og den kan ikkje refunderast.
  • Dersom noko ikkje er som det skal vera så ta kontakt med vaktene
  • Følg vaktene sine anmodningar og instruksar
  • Maks 200 stk under 18 år

Registrering av personar under 18 år

Laste ned skjema her

Denne kontrakten skal leverast ved inngangen til konsertområde og den vil bli teke vare på av Fest i Vest til arrangementet er avslutta og evaluert.